|
Aldri har vi sett kyrkja i eit slikt lys og
aldri har vel musikken vore så mektig og variert som på
konserten med Hanne Krogh. Dei to songkora Samklang og
Stjernegnisten var dyktige og gjennomførte konserten med
glans!
TUSEN TAKK FOR AT DE
STILTE OPP!! Mykje arbeid ligg bak, mange økter med øving. Mange var både spente og nervøse, Går dette bra?
Men det var verdt strevet, det tyder alle tilbakemeldingar på!
Sjeldan har vel juleevangeliet vore framstilt på ein slik jordnær og
fin måte. Hanne Krogh hadde ein fantastisk måte å binda
det heile saman på, både i ord og toner. Ho hadde med seg
dyktige musikere:
Å høyra tenoren Torstein Sødal si mektige røyst i bl.a.
”O, helga natt” måtte vekkja kjensler hjå dei fleste!
Tarjei Nysted imponerte både på fiolin og andre instrument
og kapellmester Stein Austrud styrte det heile.
Fleire lokale solistar fekk også delta med
fin song.
Alle som var i kyrkja denne kvelden, fekk gå
ut i desembermørket etter ”Deilig er jorden”- i
ettertanke over julas viktige bodskap og forhåpentligvis ei
god oppleving rikare!
Herdla
sokneråd |