Julestemning til 600 frå Hanne Krogh
 

Tekst og foto: Reidar Opsal, Bygdebladet


Det var mest som ”Storfjordens Katedral”, Ørskog kyrkje, vart for lita då Hanne Krogh med orkester og to kor sørga for julestemning fredag. Dei om lag 600 personane som var til stades fekk ein stemningsfull introduksjon til julehøgtida med kjende songar og velskrivne tekstbolkar mellom dei musikalske innslaga. Stemninga vart sett allereie i opninga. Fiolinist Tarjei Nysted improviserte ein vàr versjon av ”Deilig er jorden”. Så kom arrangørane Ørskogkoret nynnande på melodien ”Drummer boy” vandrande opp midtgangen.
Hanne Krogh sjølv brukte også midtgangen for å være nær sitt publikum i det ho inntok podiet syngande på ”Nordnorsk julesalme”.

Nærheit, humor og alvor om kvarandre skulle også bli gjennomgangstonen for resten av den nestan to timar lange konserten. Framsyninga viste høg kvalitet i alle ledd frå start til slutt. Tenor Torstein Sødal var mektig i framføringa av klassikaren ”O helga natt”, og fekk god applaus for sin versjon av Leonard  Cohen sin ”Halleluja”. Musikalsk leiar Stein Austrud hadde full kontroll over tangentar, kor og diverse sjeldne instrument.

Hanne Krogh lukkast ikkje i forsøket på å få med seg ein lokal ung medsongar i Prøysens ”Julekveldsvisa”. I staden lot ho borna i kyrkjebenkane vekselvis synge med eller åleine. Sima Mikkelsen (11) var flink som solist saman med Hanne Krogh i ”Det lyser i stille grender”. Mindre vakkert vart dei ikkje då barnekoret frå 5. og 6. klasse ved Sjøholt skule kom med på dei siste versa.  ”Nå tennes tusen julelys, ”Gloria”, ”Hva skal du gjøre første juledag” og ”Sonjas sang til julestjernen” var også innbakt i programmet saman med barnekoret. Sistnemne måtte sjølvsagt vere med sidan det nettopp var Hanne Krogh som spelte Sonja i filmen ”Reisen til julestjernen” frå 1976.

Mest imponert var vi likevel då ho heilt utan komp fylte det store kyrkjerommet med si personlege tolkning av Alf Prøysen sin ”Romjulsdrøm”.

Under heile konserten hadde Ørskogkoret den viktige oppgåva med å akkompagnere solistane med dei spesialskrivne arrangementa for turneen.

- Til slutt reiser vi oss og syng alle saman, og avsluttar konserten utan applaus, sa Hanne Krogh. Ho fekk med heile kyrkja i ein mektig versjon av ”Deilig er jorden”.

Konserten kan oppsummerast som ei høgtidstund med mykje nærheit og nydelig musikk.

Hentet fra BYGDEBLADET Onsdag 13. desember 2006